yoga

Yoga gir ro, overskot og styrke

Finn ro og få mentalt overskot, utfordre eigen styrke, konsentrasjon og balanse – bli med på yoga i vakre Modalen.

Aktiv i Modalen held heile året jamleg yogakurs/helgeworkshops på Mo. Liv-Anne er utdanna yogainstruktør ved Nordiska Yogainstitutet og underviser viryayoga. VIRYA tyder glede, entusiasme og energi, og timane er dynamiske på eit moderat fysisk nivå, med fokus på god kroppshaldning, nærvær og styrke. Kvar time vert avslutta med ei lang avspenning.

Helgeworkshopane går normalt over to dagar med 2–3 pass, gjerne kombinert med eit felles måltid og ei vandring. Tidspunkt blir formidla på nettsida og i media nokre veker på førehand.
Yogatimar eller -kurs kan òg arrangerast av Aktiv i Modalen på førespurnad.

Sesong: Heile året
Stad: Mo
Pris: Varierer etter lengd og omfang