Symjekurs i Modalen

Teknikkurs i crawl- og brystsymjing

Bli ein betre symjar – lær deg gode teknikkøvingar og finn betre flyt i vatnet med profesjonell hjelp. Aktiv i Modalen med tidlegare toppsymjar Liv-Anne Aanesen held korte kurs i symjeteknikk anten i bassenget på Mo eller annan stad med symjebasseng. Kurset er for dei som allereie kan symje, men som ynskjer å bli betre på hovudsymjeartane crawl og bryst. Til vanleg går desse kursa over fleire kveldar, men her byr vi på ei lengre økt på 4 timar med pauser. Du får individuell oppfylging og lærer deg enkle og meir vidarekommande øvingar som du kan nytte på eiga hand etter kurset. Sesong: Heile året

Stad: Mo eller annan stad i regionen

Pris: Kr 900,- per person, inkludert kursmateriale. Maks. 6 personar.