soppkurs

Soppkurs

Bli kjent med dei vanlegaste matsoppene våre. Sopp er ei delikatesse, og soppsanking er ein flott måte å bruke naturen om hausten på.

Heile hausten står dei talrike i vestlandsskogane. Men du treng kunnskap og erfaring for å kunne velje dei soppane som skal i gryta.

Aktiv i Modalen held kvar haust soppkurs som passar for nybyrjarar og dei som kan litt om sopp. Kurshaldar er Liv-Anne Aanesen, som er godkjent soppsakkyndig. Kursstad er til vanleg Modalen og vert annonsert på nettsida til Aktiv i Modalen, men ta gjerne kontakt dersom du ynskjer eit kurs i ditt område og manglar kurshaldar.

Kurset inneheld ei teoriøkt og ein felttur med soppsanking der soppen vert artsbestemt etterpå. Vi lagar soppsuppe av den spiselege fangsten.

Kontakt gjerne Aktiv i Modalen dersom du ynskjer soppkontrollør til eit arrangement eller eit foredrag om sopp, også utanfor kjernesesongen for norsk skogssopp.

Sesong: September/oktober. Til vanleg over to dagar, kan komprimerast til ein lang dag.
Stad: Modalen og elles i Hordaland
Pris: 700,- per person. Inkludert kursmateriale