Modalen har mange moglegheiter på to hjul anten du vil flyte av garde langs vegen i dalbotnen eller vil ha ein røffare oppleving på stiar og i brattare terreng.
Aktiv i Modalen har utleige av offroad- og hybridsyklar på Mo. Ruta langs fylkesvegen tek deg frå Mo til Steinsland gjennom idylliske grender og raritetar langs Moelva: landets lengste laksetrapp og BKK si gummiluke. Vidare går det anleggsvegar heilt opp til snaufjellet anten du vel Stølsdalen, Hellandsdalen eller Nygard.
Sesong: Mai–oktober
Stad: Mo
Pris: Kr 150,- per døgn inkl. hjelm. Kr 250,- for to syklar.