Overnatting

Bli nokre dagar i Modalen – opplev bygda og naturen tett på. Hos Aktiv i Modalen kan du leige stølshus på Otterstadstølen eller eit 60-tals retrohus med fjordutsikt like ved Mo sentrum.

overnatting1

Retrohus ved fjorden

Hus med 3 soverom, 2 syklar og mange turforslag – reis ei helg på landet med familien eller kjærasten! Eller nyt nokre dagar i eige selskap. Huset er halde i 60-talsstil, har breiband, seng til 5 personar og flott utsikt inn til Mo og utover Mofjorden. Stiane til fjells startar praktisk talt utanfor døra. Gåavstand til Mo sentrum med butikk, strand og bowling/basseng.

Sesong: Heile året.
Pris: 2 netter kr 2500,-. Sengeklede kr 50,-.

overnatting2

Stølshus i naturverneområdet Otterstadstølen

Du blir satt attende i tid når du kjem til støls. Her hentar du vatn sjølv, fyrer med ved og nyt roen i storslått natur. Åleine eller med familie og vener. Stølshuset har seng med gode dyner og puter til 4 + ein sovesofa og babyseng. Turen opp og sjølve stølsområdet passer godt for barn – ein eventyrleg, gammal granskog, spennande elv og fine badekulpar. Stølen er òg ein god startstad for turar inn i Stølsheimen.

Sesong: Mai–oktober.
Pris:Kr 1000,- per døgn. Sengeklede kr 50,-