Guida turar

Bli kjent med Modalen og Stølsheimen – med naturen og kulturen i fortid og notid. Aktiv i Modalen har dei beste turmåla og gir deg opplevingar du kan ta med deg heim til kvardagen.

overnatting2

Tur til Otterstadstølen

Otterstadstølen er den finaste stølen i Modalen og ligg berre 2 km frå riksvegen. Turen opp tek ein liten time og går på gammal budeie-sti. Ein tur som passar for både liten og stor. Guiden fortel om Modalen i tidlegare tider og om vasskraftutbygginga. På stølen blir det kaffikos i eit av stølshusa. Du kan òg bestille lunsj med spekemat og aktiviteter som langboge- og luftgeværskyting.

Sesong: Mai til september/oktober (3–4 timar)
Stad: Grønhaug/Mo–Otterstadstølen
Pris: 400,- per person inkl. kaffimat.

Min. 5 personar. Grupperabatt etter avtale.

tur2

Rundtur på Mo

Vandring med guide på sjarmerande Mo, opp eit stykke langs elva og til utsiktspunkt på Kleivane, ca. 2,5 km. Guiden fortel om Modalen før og no med særleg vekt på vasskraftutbygginga.

Sesong: Heile året (1,5 time)
Stad: Mo–Kleivane–Mo
Pris: 200,- per person.

Min. 6 personar. Grupperabatt etter avtale.

tur3

Helgetur frå fjære til høgfjell

Ein unik 2,5-dagars vandring vest i Stølsheimen. Turen går fredag ettermiddag til Otterstadstølen der måltid og seng venter. Laurdag legg vi bak oss stølsvoll og tregrense og går via Torrisskardet til Skavlabu, som ligg i nesten 1000 meters høgd og er den vestlegaste turlagshytta i Stølsheimen. Søndag går vi om Storfjellet med makelaus utsikt over Mofjorden og ned att til Mo. Turen krev noka røynsle med fjellvandring.

Sesong: Juni/juli–september (2,5 dag)
Stad: Mo–Otterstadstølen–Skavlabu–Mo

Maks. 5 personar.