Guida turar

Bli kjent med Modalen og Stølsheimen – med naturen og kulturen i fortid og notid. Aktiv i Modalen har dei beste turmåla og gir deg opplevingar du kan ta med deg heim til kvardagen.

 

tur2

Utsiktstur til Slottet

Slottet er lillebroren til Preikestolen, og vi mener det er Vestlandets mest sympatiske topptur! Turen opp dei 200 høgdemetrane tar ein liten time og går på god sti. Turen passar for vaksne og for barn over 7 år. Det er maksimalt 10 deltakarar per tur, og det gir deg god kontakt med guiden. Våre guidar er lokale med mykje kunnskap og formidlingsglede knytt til Modalen og livet i nåtid og fortid her. På toppen får deltakarane ein smak av lokalprodusert spekemat.

Sesong: Mai til september/oktober (3 timar)
Stad: Mo–Slottet
Pris: 800,- per person, barn 7-16 år halv pris.

Min. 4 personar.

tur2

Rundtur på Mo

Vandring med guide på sjarmerande Mo, opp eit stykke langs elva og til utsiktspunkt på Kleivane, ca. 2 km. Guiden fortel om Modalen før og no. Vi går innom Atelier Midtun, som er arbeidsstaden til kunstnar Jarle Midtun, vi besøker Sigrun Dale i Sognafloren der vi får servert kaffi og nybakst og vi er innom kyrkja på Mo før vi runder av på torget.

Sesong: Heile året (2,5 time)
Stad: Mo–Kleivane–Mo
Pris: 600,- per person (inkl. kaffi/kaffimat).

Min. 4 personar.

tur3

Helgetur frå fjære til høgfjell

Ein unik 2-dagars vandring vest i Stølsheimen. Turen går laurdag via Otterstadstølen og Torrisskardet til Skavlabu, som ligg i nesten 1000 meters høgd og er den vestlegaste turlagshytta i Stølsheimen. Søndag går vi om Storfjellet med makelaus utsikt over Mofjorden og ned att til Mo. Turen krev røynsle med fjellvandring.

Sesong: Juni/juli–september (2,5 dag)
Stad: Mo–Otterstadstølen–Skavlabu–Mo

Maks. 5 personar.