Symjekurs i Modalen

Teknikkurs i crawl- og brystsymjing

Bli ein betre symjar – lær deg gode teknikkøvingar og finn betre flyt i vatnet med profesjonell hjelp.

Aktiv i Modalen med tidlegare toppsymjar Liv-Anne Aanesen held korte kurs i symjeteknikk anten i bassenget på Mo eller annan stad med symjebasseng. Kurset er for dei som allereie kan symje, men som ynskjer å bli betre på hovudsymjeartane crawl og bryst. Til vanleg går desse kursa over fleire kveldar, men vi held òg helgekurs med 2–3 økter. Du får individuell oppfylging og lærer deg enkle og meir vidarekommande øvingar som du kan nytte på eiga hand etter kurset.

Sesong: Heile året
Stad: Mo eller annan stad i Hordaland
Pris: Kr 900,- per person, inkludert kursmateriale. Maks. 6 personar.